Alperittet 2017 er dessverre avlyst!

Pga snømangel og av sikkerhetsmessige årsaker, ser vi å måtte avlyse årets Alperitt, laurdag 25/2.
Dette gjeld også Chinese downhill fredag, fredag 24/2.
Alle påmeldte vil få refundert innbetalt beløp i si heilheit.

Sjølv om snøforholda per dags dato ikkje er gode nok til å avvikle sjølve Alperittet, kan det sjå ut til at det kjem ein del snø mot midten av neste veke som kan gi flotte forhold oppe på høgfjellet. Det er altså ingen grunn til å avlyse vinterferien på Stranda! Afterski på Stova og fest på hotellet vert det i alle høve!


For ytterligare info ta kontakt med rennleiar Paul Ivar Pedersen, 9138 7260 eller Leidulf Årvik 4766 7343.

OM ALPERITTET

Alperittet har blitt eit årleg arrangement på Stranda. Det fyrste rennet gjekk av stabelen i 1995, etter att 2-3 karer satte «hauda» i hop og tenkte moglegheiter for dette rennet. Det er ein stor dugnadsinnsats både frå folk og maskiner som står føre når dette rennet skal arrangerast.

Løypa er heile 6200 meter lang, går frå fjellet Roaldshorn, 1230 moh, ned snaufjellet, gjennom ein krevjande skogstrassè, over dyrka mark, ned gangvegen langs Storgata og endar rett utanfor dørene til rådhuset og kulturhuset i Stranda sentrum. Løyperekorden vart sett i 2008 av Nils Bjarne Krohn, Åndalsnes IF, og tida 6 minutt og 15 sekund tyder på ei fartsoppleving av dei store.

Heile bygda står på hovudet for å få lagt alt best muleg til rette, og som arrangør er vi stolte av å kunne seie at ingen andre fjelltelemarkrenn kan måle seg med vårt når det gjeld publikum, folkeliv og underhaldning. Ja, vil slår rett og slett fast at dette er ein folkefest, med grilling i sentrum, karnevalstog, livleg musikk og festtelt. Vi arrangerer også Minialperittet for borna, som har start der Alperittløypa kjem ned på open mark, og dei renn siste delen inn til sentrum. I Storfjord Kulturhus vert det dekka eit bugnande Strandabord, med alle dei framifrå matprodukta vi produserer i eit av Norges største matfat.

Velkomen til Stranda!
.

 

Share This