Velkomen til Alperittet!
For ytterligare info ta kontakt med rennleiar Herman Lersveen, 415 99 130 eller Leidulf Årvik 476 67 343.
OM ALPERITTET
Alperittet har blitt eit årleg arrangement på Stranda. Det fyrste rennet gjekk av stabelen i 1995, etter att 2-3 karer satte «hauda» i hop og tenkte moglegheiter for dette rennet. Det er ein stor dugnadsinnsats både frå folk og maskiner som står føre når dette rennet skal arrangerast.
Løypa er heile 6200 meter lang, går frå fjellet Roaldshorn, 1230 moh, ned snaufjellet, gjennom ein krevjande skogstrassè, over dyrka mark, ned gangvegen langs Storgata og endar rett utanfor dørene til rådhuset og kulturhuset i Stranda sentrum. Løyperekorden vart sett i 2008 av Nils Bjarne Krohn, Åndalsnes IF, og tida 6 minutt og 15 sekund tyder på ei fartsoppleving av dei store.
Heile bygda står på hovudet for å få lagt alt best muleg til rette, og som arrangør er vi stolte av å kunne seie at ingen andre renn kan måle seg med vårt når det gjeld publikum, folkeliv og underhaldning. Ja, vi slår rett og slett fast at dette er ein folkefest, med grilling i sentrum, karnevalstog, livleg musikk og festtelt. Helga før vert det arrangert Minialperittet for borna, som har start der Alperittløypa kjem ned på open mark. I Storfjord Kulturhus vert det dekka eit bugnande Strandabord, med alle dei framifrå matprodukta vi produserer i eit av Norges største matfat.
Velkomen til Stranda!