PÅMELDING ALPERITTET 2026
Alperittet er eit tradisjonsrikt skirenn på Stranda på Sunnmøre som samlar både skientusiastar og glade amatørar med ski eller snowboard på startstreken. Rennet vart første gong gjennomført i 1995, og har vore ein tradisjonsberar innan skirenn frå fjell til fjord – og eit av dei største årlige arrangementa på Stranda. Målgang er tradisjonelt sett nede i sentrum.
Årets renn går frå toppen av Roaldshorn, 1230 meter over havet. Målgang ved Strandafjellet skisenter grunna mangel på snøv i sentrum.
Påmelding til rennet og inngang til løparmiddag for berre 600,- per person!
NB! Hugs å huke av for løparmiddag som tilval ved påmelding.
Informasjon til løparar blir sendt ut på e-post og SMS, så det er viktig at du sjekker at du har registrert korrekte detaljar.
Du blir frakta opp til toppen via gondol. (Inkludert i påmeldingsavgift). Gjer vel å lese Alperittets reglar og annan informasjon. Du er sjølv ansvarlig å vere på start til rett tid.
Du må vere minst 13 år for å melde deg på Alperittet. Alle løparar er forsikra gjennom løparforsikring i Frende.
Alperittet har sterk lokal tilknyting, og samlar i snitt om lag 200 deltakarar. Elles er det arrangement på Stranda gjennom heile helga, både i form av konsertar, mat og fleire ulike arrangement for barn og vaksne. Sjå program!
I 2026 går rennet av stabelen laurdag 21. februar kl. 12.00.
PÅMELDINGSSKJEMA FINN DU HER
NB! Vi må ha minst 10 påmelde i telemark- og snowboardklassane for at desse skal bli køyrde på renndagen. Ein vil då eventuelt bli overført til alpinklasse.
Premiering 1.-3. plass i alle klasser (utescene etter rennet)
Fantastiske trekkepremiar blant alle påmeldte løparar. NB! Du må vere til stades på løparmiddag for å vinne trekkepremiar.
Velkomen til Stranda, Strandafjellet og Alperittet 2026!

