PÅMELDING ALPERITTET 2026

 

Påmelding til rennet og inngang til løparmiddag for berre 600,- per person!
NB! Hugs å huke av for løparmiddag som tilval ved påmelding.

Informasjon til løparar blir sendt ut på e-post og SMS, så det er viktig at du sjekker at du har registrert korrekte detaljar.
Du blir frakta opp til toppen via gondol. (Inkludert i påmeldingsavgift). Gjer vel å lese Alperittets reglar og annan informasjon.
Du må vere minst 13 år for å melde deg på Alperittet. Alle løparar er forsikra gjennom løparforsikring i Frende.

Alperittet er eit tradisjonsrikt skirenn på Stranda som samlar både skientusiastar og glade amatørar med ski eller snowboard på startstreken. Rennet går frå toppen av Roaldshorn, 1230 meter over havet, og har ei lengd på 6200 meter. Løypa går ned snaufjellet, gjennom skog, over bilveg og på gangfelt ned til målgang utanfor Skinkerådhuset i Stranda sentrum.

Ved snømangel i sentrum vil rennet bli gjennomført på Strandafjellet skisenter med eigen løypetrasé. Alperittet blir gjennomført uansett!

Alperittet har sterk lokal tilknyting, og samlar i snitt om lag 200 deltakarar. Elles er det arrangement på Stranda gjennom heile helga, både i form av konsertar, mat og fleire ulike arrangement for barn og vaksne. Sjå program!

I 2026 går rennet av stabelen laurdag 21. februar kl. 12.00.

PÅMELDINGSSKJEMA FINN DU HER

NB! Vi må ha minst 10 påmelde i telemark- og snowboardklassane for at desse skal bli køyrde på renndagen. Ein vil då eventuelt bli overført til alpinklasse.

Velkomen til Stranda og Alperittet 2026!

Share This